Stor gåve frå Sparebanken Vest

Nyleg fekk vi kr. 70.000 av Sparebanken Vest. Dei har vore ein veldig god støttespelar dei siste åra, og er med også i år. 

Deler av pengane skal gå til å lage sjølve borda du sit på under Sildebordet. Dei kjem du til å sjå på Sildebordet, Palmekystfestivalen eller ei 17. mai-feiring nær deg. 

I ei tid med tøffare sponsormarknad er vi særs glade for at Sparebanken Vest er med oss.

Eit eksempel på auka kostnader for oss er at vi i år må bruke 50.000-60.000 kroner på matvarer for å lage silda. Dette er noko vi har måtte bruke meir og meir pengar på dei siste åra. Tida der vi fekk sponsa alle råvarene er over.

Tusen takk til Pelagia Kalvåg og Global Fish Florø som sikrer oss gratis sild.