Tusen takk, Nor Tekstil!

Denne helga har det vore hektisk aktivitet på baksida av Nor Tekstil sitt vaskeri i Industrivegen.

Sildekomiteen/Sildebordet har nemleg fått ein stor plasthall av Nor Tekstil.

Med det teltet har vi eit håp om å få tatt betre vare på «Sildeborda». Dei står ute heile året, men kanskje kan dei no få stå tørt når dei ikkje er i bruk.

Nor Tekstil har i mange, mange år vore ein sentral og enormt viktig støttespelar for Sildebordet. Dei hjelper oss med transport og traller, stiller alltid opp og bidrar også økonomisk.

Og no fekk vi også denne gåva. Tusen takk!

No starter jobben med å finne plass til plasthallen. Tips oss gjerne!

Takk til dugnadsgjengen som fekk ned teltet. Ivar, Eirik, Hallgeir, Guttorm og Torstein. Spesielt takk til Ole Inge og Ole Johnny. Og takk til Brendø som fiksa kraning.

No er fokuset retta mot fredagen. Sildebordet opner kl. 1830 🐟